Dato: 30. mai - 01. juni 2025
Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein allsidig folkesongar kjend for si varme, klare stemme, sin rike kunnskap om tradisjonen og kulturhistoria vår, og si forteljarevne. Ho har laga forestillinga «Songen om Guro Heddelid» for Riksscenen, turnert for store og små med vokalduoen Fivil, og vore utøvende kvedar (som det heiter i Telemark) sidan 9-årsalderen. Ho forvaltar tradisjonen etter blant andre Agnes Buen Garnås og Sondre Bratland.
Ingebjørg er i tillegg til å vere solo kvedar, aktuell med vokaltrioen Aurom og bandet Reitir, med Aasmund Nordstoga og den skotske felespelaren Sarah Jane Summers. Soloplata hennar «Klokkur som ringjer deg heim», med tradisjonssongar frå Seljord, kom ut i 2020 på plateselskapet Talik. Ho har også komponert bestillingsverket «Gullmannen» for Telemarkfestivalen i 2019, og laga og framført soloforestillinga «Åsmund Fregdegjeva» i 2022.
Ingebjørg var også programleiar og musikalsk ansvarleg på dokumentaren «Draumkvedet – ein thriller frå mellomalderen» som premierte på NRK mai 2024.
Ingebjørg og Mattis møtes denne kvelden i si felles beundring for folkemusikken i Telemark, og de skal få høyre både den groovy dansemusikken og dei vakre visene frå området som Terje Bergstad hadde så sterke røtter i.
Ingebjørg på Spotify: https://open.spotify.com/artist/1KKtvlvNXbYJr6sDHr5Nuv?si=2cjMJIsxSLSQTxSSe8c0oQ
Mattis Kleppen er bassist, komponist, musikkforsker, og jobber som professor ved Nord Universitet. Han har jazzutdannelse med doktorgrad i kunstnerisk utviklingsarbeid, og har vært spesielt opptatt av folkemusikalske uttrykk fra ulike steder i verden. Spesielt musikken fra Telemark og Vest-Afrika har vært viktig for han. Han har også jobbet mye med å utvikle nye måter å spille bass på basert på nevnte tradisjoner. 6 plater i egen produksjon har det blitt til nå.
Mattis Kleppen har turnert Norge og Europa de siste åra, og han har fått både Folkelarm pris for plata ”Bassgitar” og vunnet åpen klasse på Landskappleiken to ganger sammen med hardingfelespelemann Ottar Kåsa.
Særegen bassgitar spilling og musikk slik du har kanskje aldri har hørt det før.